I meir enn to år har HILDEGUNN & LEIF-PER MOLTUBAKK turnert land og strand UTAN Kringkastingsorkestret (KORK). Slik måtte det nesten bli, etter at KORK aldri svara på dei 34 e-postane Hildegunn sende – med forslag til både program og koreografi. Men no har KORK endeleg snudd og er på friarføter - for no er dei gode nok, Ulsteinviks Grand Dame med 60 prosent stilling på Cubus og attåtnæring som spirituell coach – og drosjesjåføren dei påstår er Sunnmøres 14. beste gitarist.
Fredag 9. april og laurdag 10. april 2027 inviterer den eksentriske humorduoen og sjølvaste KORK til ein uforgløymeleg heilaftan med ekstremt variert musikk, humor og galskap! Og sjølvsagt skal det trekkast ei fruktkorg - Hildegunn leikar ikkje basar, heller!
Og Herborg Kråkevik er invitert på kaffi - men skal ikkje ho få synge? Verkeleg? Her luktar det dramatikk, for spørsmålet har hengt i lufta i årevis: Kven er eigentleg den største divaen i underhaldningsbransjen – Herborg Kråkevik eller Hildegunn Moltubakk?
Dirigent: Torodd Wigum
Dette blir en fest du ikke vil gå glipp av! Sikre deg en komplett pakke med hotellovernatting, frokost og billetter på revyogteater.no!







