pr. person i dbl.rom inkl. billett, rom og frokost
Scandic St. Olavsplass kr. 1250 Scandic Victoria kr. 1305 Grand by Scandic kr. 1835
Telefonbestilling:
Mandag - Fredag 09 - 16
Oslo
Utsolgt. Kun tilgjengelig via telefon.
Tilgi Meg - Det Norske Teatret
av og med Bjarte Tjøstheim.
Bjarte Tjøstheim er tyngd av dårleg samvit. Ikkje berre for alt det dumme han har sagt og gjort, men også for det han ikkje har gjort. Som å støvsuge og klippe plenen.
Bjarte hatar praktisk arbeid og meiner det er under hans verdigheit å måtte dra rundt på den dumme støvsugaren.
For Bjarte Tjøstheim skulle jo eigentleg bli ein stor og framståande mann, ei blanding av Jens Stoltenberg og Jan Egeland, som skulle utrette store ting i verda.
I staden har han blitt ei blanding av idiot og komikar, ein sånn som lever av å avbryte og komme med dumme kommentarar.
Kva gjer du når avstanden mellom den du er, og den du ønskjer å vere, blir for stor? Er det for seint å bli eit betre menneske?