Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Bratland & Nordstoga

14.12.2024

Grieghallen
(Se kart)



pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

Julebuffet inkl. på Neptun.

Scandic Neptun kr 2100
Scandic Byparken kr 1405
Scandic Torget kr. 1505
Hotel Norge by Scandic kr. 1655
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Bratland & Nordstoga - Grieghallen

Det blir julehøgtid og juleglede når Ingebjørg og Odd tek med seg Det Norske Kammerorkester og lagar storslått konsert i desember


Endeleg var tida inne for dei to songfuglane å møtast i musikken som høyrer denne tida til: Julesongen.

 

Tre gonger før har Odd Nordstoga teke med seg kammerorkesteret på juleturné, til fantastisk mottaking alle stader. Kanskje ikkje så rart. Med femten av landets aller beste strykarar leia av norsk orkestermusikks levande legende, Terje Tønnesen, er det lett å bli reve med. Med musikk som spenner frå drivande barokkmusikk til Odd Nordstogas nye klassikarar, blanda med folkemusikk og dei finaste julesalmer, kva er det som manglar då?

 

Ingebjørg Bratland såklart! Og denne gongen er ho med. Femten år gamal stod ho framom ein mikrofon på heimgarden til Odd i Vinje. Der song ho inn ein song som heitte «Jul i Svingen». Lite ante ho då om kor kjent denne innspelinga skulle bli. Lite ante ho at mange år seinare, om ho song den i eit kulturhus kor som helst i landet, så ville alle i salen kjenne den. Men Ingebjørg kan meir enn å synge «Jul i Svingen». Ingen har ei stemme som Ingebjørg, og no skal den for fyrste gong på turné og synge jula inn. Det var på tide, for dette er det mange som gler seg til.

 

I fjor gav Ingebjørg og Odd ut sitt andre album saman, «Langt heimafrå», og la ut på ein stor turné. Det vart ein stor suksess, med over 50 000 storfornøgde publikummerar frå nord til sør. Men no er det jula det skal handle om. Ingebjørg, Odd og Det Norske kammerorkester skal lage ein julekonsert som berre dei kan gjera det. Vel møtt til eit heilt unikt samarbeid. På scena er det nitten mann. Sytten fantastiske musikarar, to flotte artistar og den beste musikken. Det skal bli – JUL!

 

Velkommen på julekonsert!

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen